10.10.12

Det som brest

Det som brest kan Jesus binda saman,
han kan lækje alle hjartesår.
Han som ser og kjenner våre tankar, 
han kan gjera meir enn me forstår.

Gå til dei som ber på tunge bører, 
tala om Gud kjærleik og Guds fred. 
Tala om den store himmelgleda, 
den som Gud i Kristus sende ned. 

Han kan snu det vonde til det gode, 
i hans hand vert sorg til glede vendt.
Jesus kom med evig liv til alle,
me må gå og gjøre dette kjendt.

Alle må få del i denne gleda, 
ho er til for liten og for stor.
Ho er til for fattige som rike, 
ho er til for alle folk på jord. 

Ingen kommentarer: